torsdag 20. juni 2013

Nedtelling

Og eg, som så maaaange andre, tel ned til årets sommarferie.
Min siste arbeidsdag før ferien står for dør, er neste laurdag.
Dette vert også min siste arbeidsdag på min noverande arbeidsplass...



Etter kun å ha tatt sikre og safe valg her i livet, har eg no valgt å ta steget ut i det totalt ukjente og usikre...
Eg sluttar i jobben min utan å ha noko anna å gå til.
Kanskje ikkje det smartaste, tenkjer du, men for meg var tida inne for å gjera det som var bra for meg. 
Og å setja meg sjølv, og mine og dei rundt meg sine behov, først.
No skal eg fokusere på mannen min og borna mine og å vera 100%  tilstades for dei.  
Og sjølvsagt sjå meg om etter ein ny jobb.  

Så om nokon trur eg kan brukast til noko fornuftig, er det berre å gje meg eit ord ;)

Eg har hatt planar som eg har ønska sterkt å få realisert, men som det pr no ikkje vert mogleg å få sett ut i livet.  Dette har eg hatt eit svært realistisk syn på, og eg har også vore veldig klar over at dette kunne bli resultatet.  Difor har eg eit veldig avslappa forhold til framtida mi. 


Men først skal eg jobba 6 arbeidsdagar til ilag med det finaste kollegiet ein kan tenka seg 
Dåke kjem eg til å sakne kvar dag !
Heldigvis kan eg stikke innom dåke, OFTE :)

Håpar alle får ei fortsatt fin veke, og god ferie til dei som har det !

Klem / Janne

Follow on Bloglovin

5 kommentarer:

  1. Så bra, Janne!! Eg støttar deg 100 %. Eg gjorde nett det samme for nøyaktig eitt år sidan. Eg søkte om permisjon den dagen eg gjekk på ferie. Fekk permisjonen innvilga, for eitt år. Eg hadde ordna meg med jobb, sånn frå 50 til 100 % alt ettersom. Fekk gode fridagar, der eg kunne følge tullemor i barnehage, drikke kaffi etc. I april dukka stillingsannonsa mi opp, eg søkte og fekk den!! Gler meg til å ta til med nye oppgåver frå hausten att. Mulighetane dukkar opp, når du minst ventar dei.

    Lukke til med din nye kvardag!

    Klem frå Solveig

    SvarSlett
  2. Tøff du er, og med innstillingen du har om at ting ordner seg, så ordner det seg også! Noe som passer deg vil nok dukke opp;)
    Innom for å ønske deg en god sommer og for å fortelle deg at du var den heldige vinneren av sommerboka jeg loddet ut på bloggen min;)
    Send meg en mail på tonjebog at gmail dot com med navn og adresse så dukker det opp en signert utgave av boka i posten din om ikke lenge;)

    God klem Tonje

    SvarSlett
  3. Så spennende tider for deg,håper du finner noko annet og det er jo alltid spennandes å prøve noko nytt:))
    Lykke til med alt❤

    Ønsker deg ei fine helg!
    Klem fra Lillian

    SvarSlett
  4. Så spanande med noko nytt. Kanskje dukker drøymejobben opp før du veit ord av det. Lykke til på ferden og god sommer til deg:-))

    SvarSlett
  5. Så tøff du er! Jeg ba min forrige arbeidsgiver dra dit sola ikke skinner og gikk uten arbeid en liten stund før drømmejobben kom :) Så jeg skljønner deg innmari godt!

    Setter så umåtelig pris på alle de fine kommentarene du har lagt igjen hos meg. Jeg får dessverre ikke kommentert så ofte lenger, det er den tida vet du. Men jeg skal slutte å unnskylde meg, for nå skal jeg nyte tiden jeg har og oppdatere meg på dine sprell :)

    Fiin søndagskveld!
    klemklem
    -Maia

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg igjen ei helsing <3