søndag 2. juni 2013

♡ A Perfect Day ♡


Ja, kva anna kan ein sei etter å ha fått opplevd Sommerkos på Haugalandet ???
Ingen verdens ting :)
Bortsett frå at eg nok har alle med meg på at vèrgudane godt kunne gjort ein litt betre jobb...
Men vèret er nok det einaste ein ikkje rår over, dessverre...
50 flotte jenter vart tatt av både vind og vin, og nye fleecetepper frå Skeidar og alpakka-sokkar frå Crush Concept vart den nye blogger-uniformen denne kvelden. 

Men, eg har ikkje noko anna ord å bruke om bloggtreffet i Viksemarka enn
F A B E L A K T I G ! ! !

Maia og Karianne hadde planlagt eit strålande arrangement for 50 smekre damer som nok var nær ved både hetetokter og hyperventilering då gåver og goodiebags vart utdelt.
Sponsorlista var lang og gåvene til å mista pusten av 
Sjølv er eg heilt overvelda over kva desse fyrverkeria av nokre damer har fått til.
Tusen takk for ein super dag !!!

Her kjem nokre bileter av dei smashing gåvene me fekk og frå sjølve kvelden (lånt av Maia btw),
Enjoy !


På bildene over og under ser du kakao, te, kjeks, olivenolje, oliven og pesto frå Amundsen Spesial i Haugesund.



Fleecepledd frå Skeidar, lampe frå Clas Ohlson, skjal og øyrepynt frå Kristine Vikse, såpe frå TineK Home og Pukka te frå M. Willumsen.

Skjerf frå Barfota, serviettar frå Palma, bok frå Aschehoug Forlag, leppepomade frå Burt's Bees, sugerør frå Festfabrikken, skål frå Wik & Walsøe, Carmex (og kondom...!) frå RFSU.

Kjøkkenhandduk, vaskeklut og oppvaskbørste frå Ib Laursen og Power Clean frå Plumbo.

Over og under:
Strikkesett til pute, deilige knehøge alpakkasokkar og duftlys frå CrushConcept, og den fiiine skåla eg fekk frå min gåvevenn Hege. Tuuuusen takk !


Så litt lånebilder frå sjølve dagen/kvelden :)

Me køyrer standsmessig til store hendingar, må veta :)

Nydeleg pynta på terrassen 

Ja, dei har basseng.  Nei, eg prøvde det ikkje...


Rosa bobler må til 

Skjønne Hedda frå CrushConcept.
Denne dama og hennar måte å tenke bærekraftig handel og butikk på falt eg pladask for.
Hos henne er ALT gjennomtenkt, og det likar me :)

Eva Mariann og Trond frå Amundsen Spesial

 Vakre Kristine Vikse

 Over og under:
Nydelege mini-cupcakes frå Widvey Catering, som også leverte deilig tapas til oss.



Goodiebags frå CrushConcept.

Takk for lånet av bildene, Maia !

No skal eg leva lenge på denne opplevinga og kosa meg med at eg fekk vera ilag med desse flotte damene.
Kanskje møtes me snart igjen ?

Håpar ikkje du vart lei av alle bildene, for det vart ein del å visa fram...

Kos dåke med siste rest av første helga i juni 

Stor klem / Janne

Follow on Bloglovin

7 kommentarer:

  1. Kjempekoselig å helsa på deg:)eg fekk ikkje helst på alle for blir så mange men sånn er det og eg er ikkje så flink til å gå rundt heller å hilse,men knallgøy med bloggtreff:)
    Alt det fine me fekk men eg klarte jo å gløyme eine posen,Hihi typisk meg!

    Nyt kvelden!
    Klem fra Lillian

    SvarSlett
  2. Såg ut som dåke har hatt da fantastisk!! Synd med været, men det kan ein ikkje gjere noko med.

    Kos deg med all goodyen.

    Klem frå Solveig

    Ps. eg har nett byrja følge deg på instagram!! Gøy!

    SvarSlett
  3. Hei på deg *smiler*
    Det var såå koselig å hilse på deg! Du er jo så hjertevarm og herlig! Synd vi ikke fikk pratet så mye sammen! Men sånn er det noen ganger, dessverre!

    Herlig innlegg og jeg er så glad for at du hadde det fint!

    Så koselig innlegg du har laget, dette liker vi!

    Veldig koselig at du ville være med å gjøre denne kvelden helt magisk og uforglemmelig.

    Ønsker deg en fabelaktig start på uken.
    Jeg er glad jeg var forutseende nok til å reserve tid til hjemmekontor i dag. For vi vasket nemlig ut huset til Karianne i går før vi vendte nesen østover og jeg kom ikke inn døren i fabelaktighjemmet før kl 21 igår. Og nok en grunn til å like interørbloggerinaer - de er renslige og ryddige, så vasking og rydding gikk som en lek.

    Smil og klem

    SvarSlett
  4. Hei der :-) Ja dette var sannelig ei oppleving av dei heilt store! Eg var heilt utlada då eg kom heim, så full av inntrykk og opplevingar og inspirasjon! For å toppa det heile fekk veslebror min sitt første barn i går kveld, ei lita prinsesse, og alle hjarte gleder seg. Tante er så stolt at hjarta mest renn over...

    Uansett, så glad eg var med, så glad eg fekk helsa på deg og så mange andre kjekke damer. Herlig herlig!

    Klem Eli

    SvarSlett
  5. Hei der :-) Ja dette var sannelig ei oppleving av dei heilt store! Eg var heilt utlada då eg kom heim, så full av inntrykk og opplevingar og inspirasjon! For å toppa det heile fekk veslebror min sitt første barn i går kveld, ei lita prinsesse, og alle hjarte gleder seg. Tante er så stolt at hjarta mest renn over...

    Uansett, så glad eg var med, så glad eg fekk helsa på deg og så mange andre kjekke damer. Herlig herlig!

    Klem Eli

    SvarSlett
  6. Hei hei igjen, det varmer så godt å lese at du har hatt det fint, tenk i dag skinner solen og alt.
    Tusen takk for at du tok deg tid til å delta på treffet og for at du gav av deg selv i positiv energi.
    Hjertelig takk for et supert fint blogg innlegg, mvh Karianne

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg igjen ei helsing <3