tirsdag 16. juli 2013

Stille og roleg...

Veldig stille og roleg her på bloggen for tida.
Ferien har nok mykje av skulda for det. I tillegg til sommarens vakraste eventyr,

For 7. året vert den vesle kommunen vår, med knappe 2.800 fastbuande, omgjort til eit pulserande og eksotisk festivalområde.
Kjende artistar frå inn- og utland set heimstaden min på kartet, og gjer at folketalet  aukar til nærmare 20.000 desse 5 dagane.
Dette er eit fantastisk arrangement som med full styrke syner samhaldet og dugnadsånda som ligg i tysnesingen :)
Folk frå alle bygdene på øya deltek på sin måte,
og fleire hundre friviljuge stiller opp på alle moglege oppdrag.
Alt for å få arrangementet i havn :)

Her ser du glimt frå nokre av dei utruleg mange konsertane :
(Bileta er lånt av tysnesingen.no og tysnesfest.no)

 Madcon - for eit himla liv dei lagar altså :)

 Dum Dum Boys

Morten Abel

Og min absolutte favorittaugneblink på årets festival:
Kari Bremnes
Makan til fantastisk dame !!!

Velkommen til Tysnesfest 2014 !

Med dette vil eg få ønska alle ein framleis flott sommar !

Klem / Janne

Follow on Bloglovin

1 kommentar:

  1. Eg skulle jo virkelig hatt meg ein tur der til og eg har ikkje vært på Tysnes siden eg var liten,ei skam nesten siden det ikkje er så langt,kanskje ein utflukt ein dag i sommer:)
    Flott med slike arrangement:)

    Nyt dagene!
    Klem fra Lillian

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg igjen ei helsing <3