fredag 8. november 2013

Eg vil, eg vil, men får det ikkje til...

Det vil vera årets overdrivelse å sei at blogglysta er ekstrem for tida. 
Finn liksom ikkje noko som eg syns er verdt å dela med dåke, 
eller som eg trur nokon er interessert i å lesa...  

Skulle ønska at produktiviteten var enorm og at eg var utømmelig når det kom til fengande og inspirerande innlegg, men nei...

Eg vil så gjerne , men eg står litt fast...


Her ser dåke litt av det eg startar denne helga med.
Eg har alltid vore glad i brodering, men syr kun julemotiv.  Og ambisjonane om at ungane skal få kvar sin broderte julekalender har eg enno ikkje gitt opp.
Eldstemann på 10 år er diverre den einaste som har sin ferdige kalender i bruk, medan dei to andre, på 8 og 4 år, enno ventar i spaning.  Eg er godt i gong med begge to, men ting tek litt tid. 
Som med mykje anna går sylysta litt i rykk og napp :)

Ellers er denne jenta godt i gong med juleførebuingar, 
og då er det kalendergåvene som tek mesteparten av fokuset nett no.
Ikkje alltid like lett å finne kjekke, spennande og ikkje minst billege ting å putte i posane...
72 i talet...

Heldigvis er ungane inneforstått med at denne typen kalender begrenser seg til annakvart år.
Takk og pris for det :)


Eg må berre få snika inn eit lite tips heilt på tampen:
Friele har kome med kaffekapslar som er kompatibel med Nespresso kaffimaskin !!!
Så no slepp ein å reise bort, eller bestille ny kaffiladning på nettet lenger :)
Lukke !


Eg vil ønska alle ei nydeleg helg ilag med dei ein er mest glad i ♡ 

Eg tenner kvar dag lys for vesle Ylva som på onsdag trakk sin siste pust, og som no er ein engel som passar på dei utruleg sterke og flotte foreldra sine ♡ 
Gje ungane dine ein god klem kvar dag, for plutseleg kan alt vera forandra...

Klem / Janne

Follow on Bloglovin

1 kommentar:

  1. Skjønner deg veldig godt,det går opp og ned med bloggen her og så heilt normalt:)
    Viktig å ta vare på kvarandre og avogtil blir ein for opptatt med bagateller som egentlig ikkje betyr noko,trist med Ylva men nå har ho det godt❤️

    God helg!
    Klem fra Lillian

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg igjen ei helsing <3