onsdag 30. januar 2013

Opp som ein hjort - ned som ein lort

Eg som var så innmari ivrig på blogging no på nyåret...
Kva skjedde ???

Formen har vore så til dei grader stigande, noko som har ført til meir energi og som igjen har ført til mindre stillesitting og då også blogging... Bloggen har måtte vike for andre ting, dessverre....

Det er deilig å kjenna at overskuddet kjem snikande igjen :)
Og med overskuddet i kroppen hoppa eg rett i oppkøyringa til NM (igjen er det brassband, eller korps det er snakk om...). Det er jo kjempegøy, men eg kjenner jo at eg blir fort sliten, og toler litt mindre. 
Det blir vel berre betre og betre etter kvart :)
8. februar kl 16.20 entrar me scenen i Grieghallen i Bergen :)

Idag har me feira min kjære Magnar som fyller 40 år idag  

Flottare mann finns ikkje !


Til helga reiser me på kjærestetur til Hovden, og det skal bli supert !
Kjenner sjølvsagt litt på det dårlege samvitet i fht at ungane ikkje skal vera med, men me må jo ha litt tid åleine også. Eller ?

Har planar om å ta med kameraet til Hovden, så eit blogginnlegg om turen kjem nok etter kvart :)

Eg vil ynskja alle ein fin kveld vidare, og
GOD HELG !

Klem / Janne



torsdag 24. januar 2013

Gamal stol i ny drakt

Me har var så heldige å arva eit gamalt  "handmade" spisebord med 6 stolar frå mi kjære svigermor. Dette er  solide gamle og mørke eikemøbler med nydelege utskjæringar og lekre bein ;)
Me visste ikkje heilt kva me skulle nytta bordet til då me allerede hadde spisebord, men me er ikkje rådlause, må veta. 

Me malte bordet kvitt og delte det i to. Slik fekk me to flotte konsollaktige bord.
Her ser de både bord og stol :)



Idag fekk eg pakke i posten frå Stoff og stil med nytt trekk til desse flotte stolane.
Eg har dessverre kun fått pussa og malt to av stolane, då dette er utandørsarbeid, pga lakkfjerning, og det blir det lite av på denne tida av året. Håpar på ein fin sommar med mange sjansar til å få gjort dette ferdig.
Vel, tilbake til dagens omtrekking :)
Og behovet for nytt stoltrekk var absolutt til stades, berre sjå her : 

Dyreprint skal visst vera trendy, men denne slangeimitasjonen har sett dagslys for siste gong... 

Og her ser dåke stolen etter at eg gjekk laus med stiftemaskina :)
Godt nøgd 
er vel dagens underdrivelse.


"Postcard" heiter mønsteret.


Er det ikkje typisk at ting ein utset gong på gong er gjort på 1-2-3 når ein først startar ?
Dette har eg tenkt at kom til å bli eit "putlearbeid", men var gjort på 5 minutt pr stol. 

Kjekt når ting blir så vellukka !

Ha ein finfin torsdag vidare :)

Klem / Janne




tirsdag 22. januar 2013

Ein slags draumeleilighet :)

Ikkje det at eg har nokon som helst planar om å gjere Oslo-jente av meg, er det likevel veldig kjekt å smugkikka litt på alle dei fine salsobjekta som er å finne på finn.no

Idag kom eg over denne godbiten HER










Eg datt pladask for denne leiligheten !
Heldige er dei som kloa i denne :)

NYDELIG !
Enno fleire bileter er å finna i annonsen.


Klem / Janne






☆ Ordning & reda ☆

Eg er som kjent i overkant opptatt av å ha det fint og organisert rundt meg. Men med 3-5 ungar i heimen vert eg ofte tvinga til å leve i ein meir kaotisk kvardag enn eg innerst inne taklar. Innimellom seier eg til meg sjølv at det skal vel vise igjen at det bur folk her. Då går det litt lettare :)

Eit av problemområda har vore loftsstova vår. Dette rommet har på ein måte blitt ungane sin plass, med alt det fører med seg av rot og kaos. Alle 4 soveromma i huset har har utgong til stova noko som gjer at ungane flyttar ein god del leiker inn her, og desse har dessverre ein tendens til å bli verande. 
Me har hatt ei Expedit-hylle frå IKEA ståande her som har samla mengder av rot, eit databord frå helvete og ein skyvedørsgarderobe som snarast skal UT. 
 Eg har nesten vore på gråten når eg har kome opp her og sett på elendigheten :(

Er det mulig ????????

Legg merke til skiskytinga på pc'en :)
 Må jo få med oss sportssøndag sjølv om me omorganiserer i heimen ;)

Men no er det andre bollar her !
Me gjekk til innkjøp av Billy-hyller med dører, for å få orden i kaoset. I første omgang er det berre eine delen av stova som har fått "førstehjelp".
Me er på oppløpssida i garasjebygginga så loftet der skal få arva fleire av desse "skattane" me no har kasta ut av loftsstova.

For ein lykkefølelse det er å få orden i noko som har sett ut som eit håplaust prosjekt 

Eg blir glad av slikt, eg :)

Sjå berre her så flott det blei :








No er det berre resten igjen...
Men når det blir sååå vellukka går eg gjerne på neste prosjekt med friskt mot 

Nyt den flotte tysdagen me har fått idag !

Klem / Janne


mandag 21. januar 2013

NIB-utfordring: Tv-kroken vår :)

Norske Interiørblogger har jamnt og trutt utfordringar gåande, og no i januar har dei kasta seg i sving med ikkje mindre enn 2 stk. Og eg blir jo sjølvsagt med :)

Denne utfordringa går ut på å vise fram det mange helst vil gøyme vekk, nemlig tv-kroken, eller for oss blir det tv-stova. Me nyttar så mykje tid i dette rommet at det er like viktig å ha det fint her som alle andre stader i huset. 

This is it !
Velkomen til tv-titting hos oss :









Takk for besøket !
Fleire flotte bidrag til utfordringa finn dåke HER

Eg vil i same slengen få ønska nye følgarar hjarteleg velkomne til meg !
Håpar dåke vil trivast her :)

Klem / Janne


fredag 18. januar 2013

Lilla ~ forut for vår tid :)

I går lanserte Fargerike Årets farge for 2013, og den utkåra vart LILLA !!!

Eg har no funne ut at me var veldig i forkant då me, for 5 år sidan skulle velga fargar i huset vårt.
Veggen i trapperommet som går mellom 1. og 2. etasje har nemlig fargen
Mørk Aubergin.
Snakk om å vera framsynt :)

Rett i forkant av lanseringa av årets farge, bestemte Magnar og eg oss for å tapetsere denne veggen med tapeten "Fort Hjort"


Men kanskje me må revurdere heile tapetseringa no når me plutselig er blitt supertrendy !?

Slik ser "trappeveggen" vår ut :)





I morgon blir det Bergenstur på oss. Alltid eitt og anna ærend som må ordnast.
På planen står bl.a. badekarshopping og bursdagsbesøk. Men ein svipptur innom IKEA og andre kjekke stader skal eg nok også klara å pressa inn :)

 


Klem / Janne

♥ Friday I'm in love ♥

Det er noko spesielt med fredagar. Eg reknar med det har med helga å gjera, og at dei dagane som står framfor oss innebér FRI !!!
Ingen ting er som ei frihelg :)
Iallefall ikkje når sola skin frå skyfri himmel, lufta er iskald og klar og eg får tilbringa tid ilag med dei eg likar aller best 





Strålande helg til alle mine fine lesarar !!!

Fredagsklem / Janne

torsdag 17. januar 2013

My favourite things


These are a few of my favourite things 

Eg elskar å ha det fint rundt meg. Interiør er min største svakhet, og eg brukar ein del tid på det. Litt mykje tid meiner kanskje nokre... Dei om det :)


Når eg ser meg rundt i den store bloggverda, ser eg heimar som er utruleg flotte og fylte til randa av interiør som ligg i ei prisklasse eg ikkje har sjans til å skaffa meg.
Men det bekymrar meg slett ikkje. Eg er meg, og eg har det slik eg vil ha det. At økonomien ikkje strekk til det dyraste og flottaste gjer meg ingen ting.
Det gjev meg meir glede å innimellom unne meg noko eg har ønska meg, enn å kunne skaffe meg kva som helst når som helst.
Og om det kjem frå den hottaste designeren må ikkje bety alt. 
Det viktigaste er vel at det er noko ein likar ?


Men...for det måtte komma eit men,

Eg har mine favorittar eg, som alle andre. Og her skal eg visa dåke kva eg snakkar om :




Bruka design er mykje i bruk her i heimen. Den enkle og reine forma, samt den solide kvaliteten og dei nydelege fargane gjer at dei vart ein absolutt favoritt hos meg då eg "oppdaga" dei. Og det kjem nok til å koma fleire medlemmer i vår Bruka-familie etter kvart.

Green Gate i ein gamal potetkasse som bestefar til Magnar har laga :)
Fint ♥






Ein annan favoritt er Green Gate ♥
Dei nydelege mønstera og fargane gjer meg rett og slett i godt humør. Det kjekke med GG er at dei kvar sesong kjem med nye design, og mønster. Ein tenkjer kanskje i første omgang at det er dumt med så mange nye "lookar", men det er jo såååå stilig å kobinera dei ulike variantane :)
Pga fargane , passar servisa knallgodt ilag på tvers av mønstera.
Eg har her deler frå Fay Red, Lina Red,  Dora White og Claire Multicolor.

Også denne familien vert utvida om kort tid ♥

Har du dine eigne favorittar ? 

Strålande torsdag vidare !

Klem / Janne

onsdag 16. januar 2013

Kanskje litt vel ivrig ☆

Ja, no byrjar det å bli heftig her... 
Eg har ein veldig bloggiver for tida. Eit oppsving i innleggsproduksjonen som også fører til masse besøk, noko eg set STOR pris på. Det er nok all tida eg har til overs i og med at eg går heime i ein periode som gjer at innlegga kjem tett. 

Idag vil eg visa ein liten smak av vår 
Eg har litt putedilla om dagen, så eg har handla meg 3 nye putetrekk frå nettbutikken Lunehjem

2 stk i ein herlig lavendelfarge og ei i grå-beige, eller no heiter det vel greige.
Sjå dei herlige fargane !








Det eg oppdaga var jo at innerputene eg hadde var litt i minste laget for desse trekka... Difor den litt romslege "looken".
Jaja. då får ein vel berre investere i nye, då :)

Eg nyttar høvet til å takka for alle kjekke folk som er innom å les og legg igjen koselege helsingar her på bloggen. 
Tellaren har bikka 10.000 besøk !!!
Velkommen til nye følgarar også ! Veldig kjekt :)

Fin dag vidare til alle flotte lesarar der ute !

Klem / Janne 


tirsdag 15. januar 2013

Tid for hjem

Både eg og ungane mine, som eg mistenker er litt miljøskada, er heftige tilhengarar av tv2-serien Tid for hjem. Eg har fulgt serien i samtlege sesongar og er alltid like spent på kva løysingar design-teamet presenterer for dei ulike oppussingsprosjekta.
I forrige sesong må eg sei eg vart skuffa over mange av episodane. Resultata vart alt for sære for min smak. Men denne sesongen har starta fabelaktig !

Sett bort ifrå resultatet av den omtrekte sofaen, vart utfallet av denne episoden knallfint !
Eg kunne overtatt hytta umiddelbart  

Den røffe kjøkkeninnredninga og grove spisebordet samt dei historiske flisene gjekk rett til hjarta mitt. 
I fell in love 

Fekk du ikkje sett episoden, finn du den HER, og Tid for hjem sine "heimesider" finn du HER

Biletet er frå dagens episode og lånt frå Tv2.no

Sånne program gjer meg såååååå glad :)
Kva syns du om dagens episode og resultatet ?

Klem / Janne



Gamle skattar ♥

Eg har ikkje så veldig mange, men dei eg har set eg umåteleg stor pris på. Det eg snakkar om er gamle skattar  

Eg har tidlegare vist dåke den nydelege symaskinen eg har ståande framme i stova.


Heilt nydeleg, syns eg.

Så har eg noko eg trur er eit gamalt krumkakejern. Mønsteret inni steikeflatene indikerer iallefall dette.
Eg syns det er så fantastisk fint 

















Men som de ser på dei siste bildene, er jernet ganske inngrodd...

Er det nokon der ute som veit korleis eg kan få reingjort utsidene ?

Det verkar som om det er fastgrodd og forsteina og slett ikkje lett å få bort...

Noko anna eg lurer på er om nokon kjenner bakgrunnen til initialane som er på framida :
OMS 
Og baksida er merka med :
7 OSLO 
samt noko utydelig

Skulle så gjerne visst litt meir om dette :)


Ha ein super tysdag vidare !

Klem / Janne