mandag 25. februar 2013

Pjuskisane mine...

Med to febersjuke gutar liggande i kvar sin ende av sofaen, starta ikkje vinterferien heilt som planlagt her i huset. Så no kryssar me fingarne for at dei blir friske til onsdag og avreise Hovden, og for at ingen andre går ned for telling i mellomtida.



Så her ligg dei og søv forhåpentlegvis av seg sjukdomen...

Med dette som bakteppe, går eg nok allereie på ein smell når det gjeld maleprosjektet og "flink-pike-ambisjonane" mine. 
Eg innrømmer det likegodt med ein gong... 
Og eg gjer det med godt samvit !
1.prioritet no er desse to godgutane mine, og å få dei raskt på beina igjen 

God betring til alle som treng det, og finfin måndag til alle !

Klem / Janne 

søndag 24. februar 2013

☆ Vinterferie ☆

...iallefall om ein ser på skuleruta...
Eg må nok jobba nokre dagar til før eg kan titulera meg som ferierande. 
Men gjett om eg ser fram mot det ???

Som sagt så set me kursen mot vårt vinterparadis Hovden iløpet av veka, og tek med oss ei knakande kjekk venninne og borna hennar på turen. Så til saman vert me 3 vaksne og 8! born i alderen 3 - 12 år. 
Veit me egentlig kva me gjev oss ut på ?
Me får stålsetja oss og ta det med eit smil :)
Erfaringsmessig går det veldig bra.

I det nydelege vèret me har hatt i dag, har eg faktisk nytta tida til å få litt orden på heimen innandørs. Galskap, seier du ?
Ja, kanskje, men når heile resten av familien er ute så er det utruleg kva ein får gjort inne. Og innimellom må  det faktisk prioriterast framfor å nytta tida ute...dessverre.
C'est la vie

Ellers har eg fått malt prøvar på soverommet, og me har tatt eit val:
Kalkgrå 


Kalkgrå er den lysaste av dei fargane på bileta :)
Det var den absolutt finaste fargen på det rommet.
Iallefall i det lyset me hadde når me tok valet.
Så no gjenstår kun malingskjøp og sjølve malingsjobben :)

No skal eg kosa meg med restane av helga, og sjå fram mot ei veke med jentekveld og skiferie :)

Nyt dagen !

Klem / Janne


lørdag 23. februar 2013

Snart klar...

Då er eg snart klar for å mala sove rommet vårt. Malingsprøvane er i hus og det gjenstår kun å få dei på veggen og ta avgjerda.
Valmuefrø eller Kalkgrå ?
Ved første augekast er kalkgrå favoritten, men det kan sjølvsagt endra seg når den kjem på veggen. 
Eg får dessverre ikkje gjort så mykje idag, då eg snart må gjera meg klar til laurdagsjobbing.
Prøvane kjem på veggen i morgon, og maling vert etter alle solemerker kjøpt inn på måndag.
No er planen å vera "flink pike" å få gjort dette kjapt og effektivt. Så får me sjå kvar på "flink-pike-skalaen" eg havnar til slutt...



På begge bileta er Valmuefrå til venstre og Kalkgrå til høgre.
Eg ser jo no at dei slett ikkje er så ulike... Iallefall ikkje på biletet. 
Litt større forskjell er det "in real life" :)


Eg vil nytta høvet til å ønska ny følgar hjarteleg velkommen til meg, og samtidig takka for alle dei kjekke kommentarane og helsingane som vert lagt igjen her hos meg !
Det er så kjekt å lesa dei !
Eg takkar audmjukt :)

Håpar alle nyt denne flotte laurdagen me har fått servert idag !
Eg skal som sagt nytta den inne på jobb, men til alle dåke som har fri (og sjølvsagt alle dåke andre også):
Strålande laurdag til alle !

Klem / Janne


onsdag 20. februar 2013

Pakke i posten

Eg var så heldig å vinna i det store gåvedrysset til Anette med den flotte bloggen Emmas hvite borg.
Og idag kom premien på døra :)

Nydelige skåler frå Ib Laursen sin serie Mynte 





Trur eg må baka litt idag sånn at eg får tatt dei i bruk :)

No er me inne i siste veka før vinterferie, og me ser fram mot litt rolege dagar i neste veke. Det vert ei kombiveke for oss, med både jobb og fri.
Det vert Hovdenferie på oss denne gongen også. Me likar oss såååå godt der oppe !

Håpar alle får ein strålande dag i det nydelege vintervèret !

Klem / Janne

søndag 17. februar 2013

Nytt prosjekt; Master bedroom

God søndag !

Etter ei helg med mykje gull, heder og store tv-øyeblikk for norske idrettsheltar byrja det å krible i rydde,- ommøblerings- og oppussingsfoten igjen :)
Det tar ALDRI slutt når det kjem til og ommøblering og omorganisering her i huset. 
Så litt omrokkering vart det idag og :)
Og så toppa eg det heile med å lansere eit ørlite maleprosjekt på tampen av helga. Mannen er heldigvis med på notane, så eg reknar med det blir innkjøp av maling innan kort tid.

Det er hovudsoverommet som skal få seg ein omgang med kosten.
Pr idag har me fargen Sans på veggane, men ynskjer no noko litt mørkare og lunare. I helga har me kikka på  ulike fargekart og har landa på eit finaleheat som består av:

☆ Valmuefrø


☆ Kalkgrå

Høgre biletet har fargen Kalkgrå






Så no gjenstår det berre å velga :)
Kanskje det er nokon som har erfaringar med desse fargane ?
Bileta er forøvrig lånt av Jotun.

Nyt siste del av helga, og lad opp til ny veke med nye moglegheiter !
Det skal eg gjera :)

Klem / Janne

lørdag 16. februar 2013

❤ Herlige laurdag ❤

Sjølv om fredagen, iallefall siste halvdel av den, er min favorittdag, 
så er laurdagen slett ikkje verst den heller :)
Det forutset sjølvsagt at eg har fri, og det hadde eg idag !
Hadde eigentlig planlagt å gjera INGEN TING, men den planen viste seg å vera vanskelig å følga. Utan at eg har skeia heilt ut, har det blitt litt stulling i heimen idag og. 
Eg greidde heldigvis å stoppa før eg fann vaskebøtta og moppen... 

Ein liten shoppingtur vart sjølvsagt lagt inn og eg fekk brukt opp siste rest av gåvekort på Svingen
Resultatet vart duftlys og 2 lilla fasettglas frå TineK, lilla skål frå Bruka Design og ein søt liten vase samt to klutar frå Bloomingville.
Lilla er jo årets farge !





Og så var det denne avisartikkelen...
Den ligg dessverre ikkje i nettutgåva til avisa, så eg har kun tatt eit bilete av papirutgåva...
Sidan me skulle ta bilete sjølv, tok det nærare 40 knips til før eg vart nøgd. Er ikkje spesielt fotogen av meg, men dette vart ikkje så verst. 
Det må vel nemnast at fotografen (Magnar) er særs nøgd med eigen innsats ;)



No er det laurdagskos resten av kvelden, med litt tv-kikking og noko ekstra godt i glaset :)

Eg ønsker ny følgar hjarteleg velkommen !
Håpar du vil trivast her inne hos meg :)

Og tusen takk for herlige kommentarar dåke legg igjen her 
Eg set stor pris på kvar einaste av dei !

Ha ein strålande kveld vidare, alle saman !

Klem / Janne 

torsdag 14. februar 2013

La det bli lys !

Litt småspent idag, kjenner eg... Lokalavisa har laga ein sak om blogging og eg er ein av dei 2 lokale bloggarane som blir presentert. Har lest artikkelen før den gjekk i trykken, men er spent på å sjå den med bileter og i fiks ferdig versjon.


Lenge har me diskutert kva me skal gjera med lyset på kjøkkenet vårt. Me har spisebordet i eit utstikk med himling, noko som byr på litt utfordringar mtp belysning. Pr idag har me i spotskinne som fungerer greitt nok. Men eg ville jo helst hatt ein pendel eller to hengande over bordet. Og no trur eg eg  kan sei at eg har fått mannen med på laget i denne saken :) Han vil henga lampane midt i rommet, altså på bjelken i himlingen, uavhengig av om bordet står rett under eller ikkje... Greitt nok å ha lampane der når bordet står rett under, men me må gjera noko anna dersom bordet står der du ser det på biletet...
Eg har lenge prøvd å få han til å skjønna kor tåpelig det vil sjå ut med lyskjeldene i ein del av rommet og bordet ei ein annan del, og no trur og håpar eg at eg har gått av med sigeren :)
Spennande å sjå kvar dette endar :)





Eit anna morsomt døme på korleis min mann tenkjer er når me skal henga opp bilder eller anna dill på veggane. Me er så (u)heldige at me har gipskledde veggar, noko som skapar litt meir arbeid når ting skal hengast opp. Mannen meiner då at me berre kan henga tinga opp der stenderane er. Enkelt og greitt !
Det er der eg kjem inn med mine estetiske synspunkt. 
Det trengs !


Nok om det og tilbake til lyset...
Her har eg laga ein liten montasje med mine ønskelampar pr idag :)
Litt ulike typar frå ulike butikkar, Svingen MøblerIKEABohusSkeidar og Living


Kva er din favoritt ?
Eller har du eit godt tips til meg på andre flotte lampar ?

Håpar på flott ein torsdag til alle !
Snart jobb for min del...

Klem / Janne

PS Har forresten registrert bloggen på Bloggurat,
http://bloggurat.net/minblogg/registrere/28bdb73752a0fd7b205923e73d39c7c2d2085377
idag :) 


mandag 11. februar 2013

Langs vegen...

...er det ofte mykje vakkert å sjå ❤ 

Her kjem eit lite bilderas frå turen over Haukelifjell på veg til Hovden. 







Vinter i Norge !

I 80 km/t suste dette flotte huset forbi :)

Telemarksgard i solskin 

Nydeleg stabbur, akkurat slik eit stabbur skal vera,
Me har så mykje flott rundt oss, berre me tek oss tid til å sjå oss omkring.

Ha ein strålande måndag vidare :)

Klem / Janne

torsdag 7. februar 2013

Kontrastar

NIB sin utfordring for februar ber namnet Kontrastar.
Mitt bidrag kjem her :)

Det er kontrastane mellom det vakre, delikate og det røffe som gå igjen i min heim.

Nydelege Green gate i ein gamal potetkasse


Lyslenke rundt ei 150 år gamal dør


Kjempefin keramikk og kongler

Andre flotte bidrag finn du HER

Finfin dag vidare til alle !

Klem / Janne




lørdag 2. februar 2013

☆ Panorama ☆

Heisann !
No sit me her med beina godt plassert på bordet og kjenner på musklar me ikkje visste me hadde... Etter ein fantastisk dag i skibakken her på Hovden, er det deilig å kunne finne roen i sofakroken med noko godt i glaset. 
Vèret har vore strålande, med sol frå skyfri himmel i heile dag. Ein liten trekk gjorde at dei få kuldegradene me, hadde vart veeeldig kalde. Iallefall på toppen av Nos. Men kva gjer vel det når skiopplevelsen var så bra ?

Det skal seiast at det er ca 15 år sidan sist eg hadde slalomski på beina, så eg var litt smånervøs før første turen. 
Åpenbart utan grunn :)
Eg er like heil, og dagen har absolutt gitt meirsmak !

Her ser dåke eit panoramabilete eg tok midt i bakken tidlegare idag. 
Som det ser har me hatt det rimelig greitt :)
Biletet er tatt med Iphone, så kvaliteten er så som så...og det er jammen ikkje lett å halda telefonen beint heile vegen...


No er det laurdagskos ilag med kjærasten 

Ha ein super laurdagskveld alle saman !

Klem / Janne 



fredag 1. februar 2013

Hovden ❤



Installert på hytta på Hovden :)
Iskaldt og nydeleg vêr her oppe.
Vil ønska alle saman ei strålande helg !


Samtidig vil eg ønska nye følgjarar hjarteleg velkomne <3 

Klem / Janne