søndag 31. mars 2013

~ Fotsporene ~

Eg vil på ingen måte kalla meg religiøs, men i dei heilage tekstane finn ein mykje god visdom og ord til ettertanke. 
Dette diktet er skrive av Mary Stevenson, og er basert på ulike vers i Bibelen.
Det er ein av mine absolutte favorittar 




God natt !

Klem / Janne

Follow on Bloglovin

Påsken på hell...

Då var påsken 2013 snart over...
Ein påske fylt til randa av solskin og herlege dagar. Sjølv om snøen framleis ligg på bakkane her hos oss, har me endeleg fått kjenna litt på vårfølelsen. Sola som varmar i kjakane og små spirer som kikkar fram mellom gras og snø.


Vår påske starta med ein tur til Skottland. Musikklaget eg splar i har 60-års jubileum dette året, og det vart market med jubileumstur.
Me hadde det strålande, men har vel aldri frose så mykje nokon gong tidlegare. Med ein temperatur på rundt 0' C ispedd stiv kuling, gav dei fleste neglebit og kalde tær. Men det kunne me uansett ikkje gjera noko med...
Litt shopping vart det sjølvsagt tid til :) Eit par småting til heimen, men mest "bygodt" vart det til ungane.


'


Planlegg eit innlegg frå turen etter kvart :)
Resten av påsken har me brukt her heime. Rolege dagar ilag med vener og familie er det beste i verda 
Her kjem litt bileter frå påsken på Solheim


Påskeharen kom til Solheim i år og :)

Til og med på badet vart det påske ;)

Nydelig metallegg frå GreenGate

Ikkje mykje er finare enn kvit bjørkestamme  

Det nærmar seg vår

Nydelege gule roser for anledningen

 Håpar alle har hatt ei fantastisk påske i det nydelege vèret 
 Håpar dette er eit frampeik på korleis det skal bli frametter, og at me ikkje har brukt opp alle solstrålene for i år...

Nyt resten av dagen og ferien !

Påskeklem / Janne

Follow on Bloglovin

onsdag 20. mars 2013

Let the sunshine in !

Det er så uendelig deilig å kjenne vårsola varme i kinna etter ein lang og kald vinter. Og me har verkeleg blitt utskjemt med strålande vèr dei siste vekene. 
Det er dette me lengtar etter og dette vintervèret me vil ha !
Så det er nesten med ein litt flau smak i munnen eg skriv dette innlegget, då det omhandlar det å stenge sola ute...


Kjøkenet vårt vender mot sør og har vindauge vendt mot tre himmelretningar, inkludert vindauge frå golv til tak mot sør. Dette gjer at kjøkenet vert som ein bakarovn på finvèrsdagar, og at det beste tilbehøret når me sit til bords er solbriller og caps ;)
Noko måte berre gjerast !


Så her ser dåke kva me bestemte oss for å gjera.
Me har igrunn snakka lenge om at det beste ville vera å henge opp lamellar på desse store vindauga. Men så er det det å faktisk få det gjort då...
Men skjebnen ville det slik at når me faktisk skulle gå til innkjøp av dette, så var det 50% avslag på solskjerming på Kid :)
Plutselig fekk me alt me skulle, til kun HALVE PRISEN !
Alltid kjekt med tilbod !


Me valgte fargen lin, og vart kjempenøgde med det. Godt å bryta litt med det kvite. 
Og rommet, som eg allereie er så inderlig glad i, vart berre enno koslegare. Lunt og godt med litt meir innramma vindauger.
Dette vart absolutt ein suksess !


Me vurderte å ha lamellane heilt opp i skråen, men gjekk heldigvis for å la øverste trekant vera open og heller festa skinnene på den øverste sprossa. Angra ikkje på det :)
Det er så gøy når ting funkar slik ein ønsker, eller kanskje enno betre 

Ellers har eg endelig klart å få til å laga vannmerke på bileta mine. Prøvde på dette for ei stund sidan, men når eg ikkje fekk det til med ein gong, la eg det vekk... No tok eg fatt idet igjen, og fekk god hjelp av bloggen Prinsesse Grorud. Forklaringa på denne bloggen fekk meg på rett veg igjen :)
Takk for det !

Takkar samtidig for stemmer på mitt bidrag til Soveromsutfordringa til Boligpluss 
Eg treng framleis stemmer og håpar på Dykkar hjelp. Bidraget er som nemnt merka med Janne Hatteberg.
Utfordringa finn dåke HER

Håpar alle får ein super lille-laurdag !

Klem / Janne

Follow on Bloglovin

mandag 18. mars 2013

Hipp hipp hurra !!!!

Idag er det prinsesse Tuva sin dag !!!
Denne fine jenta har nemlig bursdag og blir 8 år idag 



Sist onsdag hadde ho klassevenninnene sine på besøk og jubilanten var både glad og spent :)
Ventetida var lang så ho var veldig behjelpelig med alt som måtte gjerast før huset vart overtatt av 8 år gamle   fnisejenter :)

Her ser dåke festbordet ho har pynta, med litt hjelp av underteikna ;)



Muffinsformer, flagg og sugereør er kjøpt hos Partydesign 
Super nettbutikk med kjapp levering :)
Kjem godt med når mor er litt sin på avtrekkaren...

Etter lydnivået å dømma hadde dei ein kjekk dag !
Og når dei vart henta av sine respektive syns dei at tida hadde gått alt for fort, for dei hadde ikkje fått gjort alt dei hadde planlagt...
Då trur eg me trygt kan sei at bursdagsfeiringa var vellukka i år også :)

Flott mandag til alle !!!

Klem / Janne


Follow on Bloglovin

søndag 17. mars 2013

☆Himmelberget på Facebook ☆

Då har eg gjort som så mange før meg, nemlig registrert bloggen min på Facebook. 
Det er vel berre å innsjå at Facebook, akkurat som internett, er komen for å bli ;)
Det er vel ikkje til å legga skjul på at det er stas å nå ut til flest mogleg med bodskapen på bloggen. Sjølv om det kanskje ikkje er særleg nyskapande det eg kjem med, så får eg iallefall tilbakemeldingar på at det eg skriv og formidlar er kjekt å følga med på.
Det set eg stor, stor pris på !
Facebooksida mi finn du HER

Når eg sat og putla på med Facebook-sida i går byrja eg å tenke tilbake på barndoms- og ungdomstida mi, då den einaste måten å kommunisere med folk på var enten via hustelefon, brev eller sjølvsagt ansikt til ansikt. Det var ikkje snakk om mobiltelefon, facebook, e-post, Twitter eller andre nymotens kommunikasjonsformer.

Kva gjorde me når me vart forsinka, når me ikkje kunne senda ein sms ?
* Me sørga faktisk for å vera punktlege !

No er det mykje enklare, og, i mine auger, ein mykje meir upersonleg kontakt mellom folk.
Når fekk du sist eit handskrive brev i posten ?

No skal det seiast at eg har ei herlig kusine, Lene, som er ein svoren postkortskrivar. Ho og kjærasten Thorbjørn er flinke til å helsa frå sine turar rundt omkring i verda.
 Og desse korta er så kjekke å finna i postkassen 
Tusen takk, Lene !



Kanskje det er på tide å ta tilbake brevskrivinga igjen ?
Ein liten skråtanke frå meg på ein søndag :)

Klem / Janne

Follow on Bloglovin

lørdag 16. mars 2013

Eg tek utfordringa !

Boligpluss har ei utfordring gåande dei kallar :
Vis oss ditt soverom !

Og eg kastar meg sjølvsagt med :)
Og det med eit bilete frå FØR me pussar opp... 
Kanskje ikkje så smart, men eg syns biletet var så fint :)

Her er bidraget mitt :


Eg håpar du vil stemma på bidraget mitt :)
Bruk gjerne knappen øverst til venstre på bloggen for å komma til avstemminga.
Bidraget mitt er merka Janne Hatteberg.

Tusen takk !

For å sjå andre flotte soverom gå inn HER

Nyt kvelden vidare !

Klem / Janne

Follow on Bloglovin

O, heilage helg !

På Wikipedia vert ordet helg forklart slik :
Helg er et eldre norsk ord, gammelnorsk helgr, avledet av "hellig". Ordet betegner en helligdag, en fridag eller to-tre fridager på rad.
Dette stemmer på ein prikk for min del. Ei helg, og då spesielt ei frihelg er
HEILAG !

Her i huset har me verkeleg tatt denne forklaringa på alvor idag :)
Eg har liksom ikkje kome skikkelig i gong idag... Kjente allerede i går tidleg at lufta var gått litt utav meg, og den følelsen var der i dag morges også. 
Så idag har det vore rimelig stille i fjøset, gitt...

Litt har me no fått gjort. Eller rettare sagt er det Magnar som har vore den flinke av oss.
Han har starta vedproduksjonen til neste vinters kalde dagar, og han har olja kjøkkenbenken !
Kvar gong det blir gjort er det som om me får eit splitter nytt kjøkken :)
Det blir så fint !








Eit renska kjøkken :)
No sit eg og spekulerer i kva som skal få plass der og kva som må pensjonerast...
Det ser så fint ut når det er så strøkent 

Eg kan dessverre ikkje skryta på meg store ting idag... 
Det viktigaste eg har utretta er at eg har kosa meg masse ilag med minsteguten 
Og så har eg handla inn maling til soveromsprosjektet :)))))


Slik ser det ut pr idag så står det att og sjå kor lang tid eg treng for å få malt veggane og få opp gardiner...
Eg er ein skikkeleg latsabb for tida :( 



Dette lever eg etter for tida, og nyter kaffi frå nydelege koppar

Alt smakar betre frå ein slik vakker kopp 

No :
Sesongopning for Brann !
Byen e' Bergen osv...

Ha ein framifrå laurdag vidare !!!

Klem / Janne

Follow on Bloglovin

søndag 10. mars 2013

Plutselig borte...

Tok meg visste ein lengre bloggpause i og etter vinterferien, eg...
Det er så travelt om dagane at eg rett og slett ikkje finn tid til bloggen. Ikkje er eg proppfull av inspirasjon til å blogge eller til å utføre noko som helst av husleg karakter heller.
Reknar med at det kjem seg når våren kjem krypande til oss også :)




Vinterferien var strålande !
Ungane kvikna til og me kom oss av gårde etter kvart.
Det var skikkelig påskestemning på Hovden, men me kom dessverre borti den kraftige stormen som herja i sør-norge forrige laurdag. Ingen ute-dag den dagen, så me tok kidsa med oss og gjekk i Badeland i staden for. 

Stor suksess !

Her hos oss ligg snøen framleis på bakkane, og vinteren ser ikkje ut til å ville sleppa taket med det første. Strålande sol om dagen likar me, men minusgradene kunne me vore forutan. 
Me vil ha vår no !

Fin søndag vidare til alle !

Klem / Janne

<a href="http://www.bloglovin.com/blog/4947021/?claim=ucu9gftxznu">Follow my blog with Bloglovin</a>