søndag 28. april 2013

♡ Etter sol kjem... ♡

...SNØ, SLUDD OG REGN ???

Nei, veit du kva !? 
Dette var ikkje ein del av avtalen !
No fekk me smaken på det deilige vårvèret me hadde i går, og så vaknar me opp til skikkelig "Vadlasletta".
Snø, sludd og kulig :(


I går kosa me oss ute frå morgon til kveld. Fekk gjort ein masse, og såg fram mot også ein søndag ute i det fri. Men der gjekk me på ein smell, gitt...
Men me kosar oss inne med kaffi, kjeks og kos :)


Så idag vert det inneaktiviter på oss.  Lego er ein sikker vinnar hos 3-åringen, så stovebordet er fylt opp med brannbilar, slepebilar og andre legodeler.
Innekos !


Eg vart så inspirert av Evelyn i Baronivegen og hennar stjernedilla at eg sette i gong med eit stjerneprosjekt.  Ho igjen funne mange idear hos Silje med bloggen Lindevegen.  Takk og pris for at eg fann denne bloggen, for den er berre knallfin !
Vel, eg sette i gong med stikksaga og skar ut 8 stjerner i kryssfiner som eg no ska male og sjå om eg kan nytta til noko fint :)
Jammen er eg glad er er gift meid ein tømrar som har verktøy av alle slag liggande klar til bruk 
No er dei ferdig pussa og klar for maling :)


Eg har lenge gått å kikka på denne klokka hos Tysnes Blomster & Interiør, og i går vart den min :)
Den vart plassert på veggen over det gamle skapet eg kjøpte av ei god venninne sist haust.
Syns kanskje den vart veeeeldig kvit i forhold til skapet, men det kjem seg når eg kjem i gong med prosjektet eg har planlagt for nettopp dette skapet.
Nemlig å male det, skjønar du.
Farge ? 
Nei, ikkje kvit, men Anettes Hus sin farge Rullestein
Ein nydeleg farge som eg trur vil bli super på  dette møbelet !
Eg syns faktisk at møblar med utskjeringar vert finare med lyse fargar. 
 Mønstera kjem mykje betre fram når dei vert lyse, syns eg.  
Kanskje det har noko med skuggeeffekten å gjera ?

Hjarteleg velkommen til ny følgar !  Så kjekt :) 
Håpar du vil trivast her inne hos meg 

Og igjen takk for koselege kommentarar og helsingar dåke legg igjen her på bloggen.
Eg set såååå stor pris på kvar og ein !

Nyt den siste dagen av helga, alle saman :)

Stor klem / Janne

Follow on Bloglovin

lørdag 27. april 2013

♡ Ooh ooh ♡

Då var det gjort !
Eg har meldt meg på Sommerkos på Haugalandet !
Funderte lenge og vel om eg skulle melda meg på med ein gong invitasjonen kom, men la det til slutt vekk.
Men når eg idag kom over innleget til Maia med bloggen Fabelaktig der ho flagga at det var 4 ledige plassar,  gjekk eg på ny i tenkeboksen.
Og når eg kom ut igjen, hadde eg bestemt meg:
Dette ville eg vera med på !

Kjenner ikkje ei sjel utanfor bloggsfæren, men det går vel seg til :)
Dette gledar eg meg til !




Ein heil dag og kveld ilag med andre jenter med same lidenskap som meg, må jo berre bli kjempegøy.
Og etter det eg har høyrt og lest frå andre bloggtreff, så er dette høgdepunkt nr 1 for mange.

Så no kan berre mai rasa avgårde for min del :)

Kanskje det er nokon av dåke som også skal på dette arrangementet ?
Gje meg gjerne eit ord :)

Kos dåke på laurdagskvelden !

Klem / Janne

PS Jippi !  Eg fekk plass :)

Follow on Bloglovin

fredag 26. april 2013

♡ The Queen ♡

Eg proklamerte jo stolt her på bloggen forrige fredag at eg no hadde starta ein ny tradisjon her i heimen. Nemlig friske blomar til helga.  
Og dette må visst ha blitt nettopp ein tradisjon, for eg greidde å gjera det same til denne helga også :)
Ny bukett friske roser pyntar no opp i stova, samt eit eksemplar av den 
ò store bloggarblomen:  Pelargonia type 
Dronning Ingrid.



Ein blom eg ikkje har den fjernaste aning om korleis eg skal halda liv i...
Kun kjøpt pga at den er såååå fin !
Eg får nok lesa meg litt opp på pelargoniapleie :)
Fins det ikkje eigne pelargoniaklubbar ?  Kanskje det er noko å henta der for ein fersking som meg ?


Uansett, helga er over oss og den skal nytast !
Har hatt fri ialg med 3-åringen idag då barnehagen haldt stengt.  Og gjett om me har kosa oss ?
Det var tydelig at han syns det var godt å ha mamma heilt for seg sjølv :)

No er det Brann-kamp og høg temperatur i heimen. Slik er det kvar gong fotballen rullar på skjermen ;)
Ein har då fleire sære hobbyar, må veta :)

Tusen takk til alle som er innom og helsar på her på Himmelberget ♡  
Fortsett gjerne med det :)
Og eg blir veldig glad om du vil stemma på bloggen min hos BoligPluss.
Klikk då på hjarta oppe i venstre hjørnet ♡ 

Ha ein fortsatt flott fredagskveld !

Klem / Janne


Follow on Bloglovin

onsdag 24. april 2013

På hylla ♡

Onsdag er fridag i heimen.  Ialle fall for meg og dottera mi så lenge ho er 2.klassing.  Til neste skuleår vert det andre bollar...  Men me kosar oss alt me kan desse dagane :)
Idag hadde me ein laaaaang morgon i senga med mykje "lått og løye".  Slike stunder er verdt alt !

Når me endeleg kom oss ut av dynene kom ånden over  mor...
Eg kjøpte for ei tid tilbake 2 hyller med tilhøyrande knektar på IKEA, som etter planen skulle opp på kjøkkenveggen.  Men eg rir som kjent ikkje den dagen eg salar, så desse hyllene har stått i boden og støva lett ned...  Men idag er dei endeleg kome på veggen.  Litt styr vart det, men no heng dei godt og skjuler perfekt mine små "skruer-som-blei-skrudd-i-på-feil-plass-i-gipsveggen"-hol.  Så lenge ein ikkje kan sjå dei, så har det aldri skjedd... Er det ikkje slik då ???
Ikkje eit ord til mannen i huset... 


Men eg er nøgd, eg :)
Eit par fine hjerteknaggar, eg har hatt liggande etter ein Kid-tur for evighetar sidan, kom til heder og verdighet igjen.
No spørs det om M i det heile tatt ser endringa når han kjem heim.  


Me hadde ei anna type hylle der tidlegare, men den vart plassert sånn at skruehola skulle treffa stenderverket bak gipsen.  Noko som ikkje automatisk gjorde at den ville henga midt på veggen...
Og dette har irritert meg leeeeeeenge.....
M er nemlig ikkje så oppteken av symmetri, berre det er praktisk :)
Må le litt av han også, men med meg under same tak må nok det praktiske vika for symmetrien.

Nei, no er det middagen som står for tur, før eg går inn i rolla som fotballmamma, når eldsteguten skal i aksjon med laget sitt.
Det vert nok ei våt og kald oppleving.
Dei seier jo at ikkje finns dårlig vèr, berre dårlige klèr, så her får me nok ty til ull innerst igjen...

Ha ein fortsatt framifrå onsdag alle saman !
Og klikk gjerne på hjartet oppe i hjørnet dersom du likar det du ser og leser på Himmelberget 
Det takkar eg for !

Klem / Janne

Follow on Bloglovin

tirsdag 23. april 2013

Keep calm...

...and carry on


Med ynskje om ein strålande flott tysdag til alle 
Eg er glad for at du kikkar innom bloggen min !
Tusen takk for det :)

Klem / Janne

Follow on Bloglovin

mandag 22. april 2013

♡ Takk ♡

Tusen takk
for kommentarane på mitt forrige innlegg 
Håpar for all del ingen oppfatta meg som sytete.  
Eg er berre usikker på om dette i det heile tatt er noko for meg.
Men som ei sa; Vær litt meir Pippi og ikkje så mykje Nasse Nøff.  Den tok eg rett til meg :)
For det er jo akkurat slik eg er... Tatt skikkelig på kornet der, gitt ;)

Old me:


New me ;)



Og så lenge dette er noko som gler MEG så er det vel ok ?  Og det verste som kan skje er jo at ein lesar, eller fleire, ikkje kjem tilbake...

Nei, eg fortset eg.  Så får me sjå etter kvart kva det blir til.
Eg kosar meg med blogginga, og har definitivt fått meg ein ny hobby.  Og eg føler eg har fått kontakt med masse kjekke folk som den same interessa som meg.  Og det har stor verdi for meg 
NO er eg ferdig med desse tankane :)

Takk for at du besøker bloggen min !
Og ha ein fin måndag, til tross for vind og regn...

Stor klem / Janne

Follow on Bloglovin

søndag 21. april 2013

To blog, or not to blog...

Eg fekk meg ein ny hobby i september / oktober i fjor, nemlig blogginga.
I fleire år har eg vore ein ivrig lesar av andre sine bloggar, og eg gleda meg til kvar einaste nye bloggrunde eg tok.  I lang tid gjekk eg med tankar om å starta min eigen blogg, der eg fekk bidra med litt av det eg driv med og interesserer meg for og ikkje minst muligens inspirere andre litt.
Eg var jo klar over at den bloggsjangeren eg kasta meg uti, var smal, og at det allereie fanns 13 av desse bloggane på dusinet.  
Men hadde eg kanskje noko anna, noko som ikkje fanns så mykje av frå før ?


Etter at mine gode venninner oppfordra meg til å starta ein blogg, utan at dei på førehand visste om mine tankar rundt dette, sette eg i gong.  Veldig famlande i starten, og med ein stor posrsjon skrekkblanda fryd kvar gong eg skulle publisere noko, men 
EG VAR I GONG !

Og har ein sagt A bør ein sei B, altså...
Ein bør ha noko vetig og fornuftig å komma med.  Ein bør vera vittig, inspirerande og "catchy".  Ein bør fanga publikum og verkeleg ha noko å by på.
Dette føler eg at eg slit med...  Eg greier liksom ikkje å vera interessant nok. 
Eg skulle gjerne hatt massevis av treff og følgarar, men det løsnar liksom ikkje for meg.  

Med minst 2-3 timar for lite i døgeret, jobb, ungar, fritidsaktiviteter mm. slit eg med å finna ting å skriva om som lesarane finn spennande og leseverdig.  Misforstå meg rett; eg er strålande nøgd med at nokon faktisk er innom og les bloggen min, men eg føler sjølv at kvaliteten ikkje er god nok.
Og dette er jo igrunn heilt typisk meg.  Aldri heilt overbevist om at eg strekk til...  Dei som kjenner meg svært godt veit at "Usikker" fort kunne vore mellomnamnet mitt.


Eg bloggar mykje for å utfordre meg sjølv på ting eg ikkje har gjort tidlegare, 
og ting eg veit eg ikkje kan 100%.  
Eg er glad i utfordringar og å ha noko å strekka meg etter.  
Og dette med å skrive for at andre skal lese det, er ei slik utfordring.  
Eg har alltid vore glad i å skrive, og her på Himmelberget får eg muligheten til å gjera nettopp det.  Her vert alt eg skriv, formidla ut til alle via eit lite tastetrykk, og eg er ikkje lenger åleine med tankane og ideane mine.

På ein så liten plass som eg er ifrå, der "alle kjenner alle", og ikkje minst i den jobben eg har, så møter eg mange som er innom bloggen eller som iallefall veit om at eg bloggar.  Og då tenkjer eg nesten konsekvent negativt om det eg driv med. Eller at alle andre tenkjer slik...
Eg blir nesten litt forlegen og flau, for kva har eg egentlig å bidra med ?  
Kva er det eg trur eg er ?
Det er jo igrunn heilt idiotisk å gå rundt å tenkje slik...


Huff !  Nei, dette vart eit langt og litt trasig innlegg...  Det var ikkje meininga på ein fin søndagskveld.
Men er egentlig bittelitt innom tenkeboksen om eg skal fortsetja med blogginga, eller ikkje...
Fortset eg, må eg øva meg veldig på å gje F..., og å ikkje bruka så mykje tid på å fundera over kva andre syns.

Takk for at du orka å lese mi vesle utlufting idag...
Kos dåke med resten av søndagen :)

Klem / Janne

Follow on Bloglovin

lørdag 20. april 2013

♡ Husreglar ♡

Eg må innrømma at eg nok er litt svak for fine ord, sitat og dikt. 
Og når ein kan få dei opp på veggen er det enno betre.  
Då får ein små påminningar og oppmuntringar på sine rundar gjennom huset :)

Denne fantastisk flotte wallstickeren kjøpte eg hos Happylines, og den kom i posten her om dagen.
Og no er den komen på kjøkkenveggen vår 
Gode ord som er verdt å ta med seg kvar einaste dag.
Og så er den på nynorsk 

Eg veit at ein av desse dessverre kjem til å verta brutt ofte...
"Ingen telefonar på bordet" - den blir vanskeleg å halda :(


No er det siste innspurt her heime før underteikna må på jobb.
Kjekkare med helgefri, men det får eg sjå fram mot til neste helg :)

Ha ein flott dag  !

Klem / Janne

Follow on Bloglovin

fredag 19. april 2013

☆ God Helg ☆


Med desse nydelege rosene vil eg få ønska alle

 Ei strålande god helg 

Eg har starta ein ny tradisjon (håpar eg...).
Friske blomar til helga er det nye hos meg.  
Og er det som skal gjera forskjellen mellom kvardag og helg :)

No luktar huset deilig av lavendel og helgevasken er tatt.
Å gjere det på ein fredag er jo genialt !  Då er resten av helga til fri disposisjon.
Sånn som t.d. å gå på jobb...noko eg må i morgon :(

Jaja, søndag har eg fri !

Nyt kvelden og helga i lag med dei dåke likar aller best 
Det skal eg !

Klem / Janne

Follow on Bloglovin

torsdag 18. april 2013

☆ Bloggbliss ☆

Tenk å kunne reise på tur med 50 bloggjenter 
Det har ein moglegheit til om ein er kjapp og melder seg på NIB sin bloggtur, Bloggbliss Copenhagen.
Første helga i juni set gjengen kursen for København og sosialt samvær, seminar og shopping.


Den som hadde hatt sjansen til å vera med...
Ønsker dei heldige all mogleg god tur !
Gjorde dette deg nyfiken, kan du lese alt om turen HER

Fin dag til alle !

Klem / Janne

Follow on Bloglovin

onsdag 17. april 2013

I ♡ Happylights

 Happy onsdag !
Her i huset har det vore fri- og kosedag ilag med dei to eldste borna idag.
Dei har baka muffins og har vore i full sving med pyntinga.  Ikkje det at me har noko spesiell anledning for å kosa oss litt ekstra, men ungane var i bakehumør og eg lot dei styre på.


På middagsmenyen idag står komler m/dertil eigna tilbehør og mandelkjernepudding til dessert.
Skal ha svigermor på middag idag så då køyrer me på med norsk tradisjonsmat.
Og det gjer heller ingen ting at det er det beste som finns :)
God dag med andre ord 

Har dilla litt rundt i huset og har kome til at eg nok må investere i eit par nye sett med Happylights.
Er strålande nøgd med det eine eg har, men har kome til at den stemningsfulle effekten dei gjev ønsker eg meg fleire stader i huset.
Kanskje på det nyoppussa soverommet vårt ?
Bileter av dette kjem etter kvart...







 Ha ein super onsdag alle saman !

Klem / Janne 


Follow on Bloglovin

lørdag 13. april 2013

♡ Lavendel ♡

Ingen ting er som lukta av lavendel 

Eg er ein svoren tilhengar av Durance sine produkt, og då særleg dei med den herlige lavendel-lukta. 
Eg nyttar både husvask, vaskemiddel og stykevatn.  
I tillegg har eg handkrem og handsåper med same lukta.



Mange tenkjer kanskje på lavendel som luktfriskaren til bestemor, men for meg er dette lukta av reint hus og reine sengklè.  

Kan absolutt anbefalast på det varmaste !

Når me var i Skottland i starten av påsken kjøpte eg meg ei krukke med lavendel handkrem.  Og denne brukar eg nesten berre til best :)  Lukta er heilt fantastisk og konsistensen heilt nydelig.  

Queen Victoria's English Lavender Luxury Hand Cream 


No er det tilbake til malearbeidet !
Tru det eller ei, men eg er i gang med soverommet som skulle vore ferdig for fleire månader sidan... 
Tint tek tid...
Men no er eg på hugget ;)

Klem / Janne

Follow on Bloglovin

fredag 12. april 2013

☆ TGI Friday...at last ☆

Det er noko spesielt med fredagar :)
Den beste dagen i veka, etter mitt syn.  
Helga er i gang, og to speilblanke fridagar ligg og ventar på oss.  
Bortimot den optimale lukka


Som de ser av biletet har eg bokstaveleg lagt beina på bordet.  Eg unnar meg faktisk eit glas kvitt, sånn for å toppa det heile liksom.  Men som eg skreiv til ein kollega, så kjem eg nok til å sovne etter dette glaset... 
Sliten ? Eh, ja...  
Men kva gjer vel det når eg kan kosa meg med ingen ting dei neste dagane ?
Og dåke, legg merke til at ullsokkane framleis er på.  Og det på den 12.april... IKKJE bra :(


Ynskjer med dette alle ein aldeles strålande fredag !
Eg skal iallefall kosa meg ;)

Klem / Janne
Follow on Bloglovin

torsdag 4. april 2013

Eg velger meg april


1. april og me vaknar til eit dryss med nysnø...
Det var ikkje akkurat det me hadde planlagt.
Heldigvis smelta sola bort melisdrysset, medan den "gamle" snøen fortsatt ligg som ei iskald hand over dalen.  Men litt etter litt dukkar meir og meir av våren fram :)

Eg tenkte eg ville visa korleis det såg ut her hos oss på den siste marsdagen i 2013.
Framleis litt snø, men meir og meir av underlaget viser seg...heldigvis.



Nabogarden badar i sol


Mitt ønske for april er like mykje sol som me har hatt i mars, men litt mindre snø og kuldegrader...
Det skal jo vera vår no !

Ha ein strålande dag !

Klem / Janne
<a href="http://www.blogglisten.no"><img src="http://www.blogglisten.no/connect/c14b9f35498044dfcba1519d6b1f02cf" alt="Blogglisten" /></a>

Follow on Bloglovin