onsdag 29. mai 2013

♡ Det nærmar seg... ♡

Nedtellinga har vore i gang leeeeeenge, og no er det kun 3 dagar igjen til årets happening:


Eg reknar med det er fleire 
enn meg som gledar seg :)

Og no begynnar stresset å melda seg...
Dei andre deltakarane byrjar å blogge antrekk, og det er igrunn supert for då får eg ein peikepinn på kva folk skal ha på seg. Men eg blir også frykteleg stressa...
For kvar er mitt antrekk ??? 
Iallefall ikkje i klesskapet mitt...
Her må eg nok fornya meg litt skal det bli noko "schwung" på sakene.
Så litt shopping må nok til :)

Ein ting har eg faktisk hugsa på til treffet;
Å ordne gåve til trekninga :)))
Ville vore typisk meg å gløyma det...

Nei, no er denne fantastiske sommardagen over, og me er ein dag nærare 1. juni !
Håpar alle har kost seg i det deilige været, slik me her på Solheim har gjort 

Klem / Janne

Follow on Bloglovin

mandag 20. mai 2013

♡ Herlige pinsehelg ♡

Huff, så lite blogging det har blitt i det siste...
Dagane flyr og tida strekk ikkje alltid til.
Denne siste veka har vore svært hektisk, men vart krona med ei nydeleg helg både værmessig og sosialt.

2 av mine 3 born har bursdag no i mai, nærare bestemt 19. og 20. mai.  Dette gjer at det alltid vert litt ekstra hektisk i denne tida.  Men me slår saman feiringane til gutane, og eg snik meg inn med min eigen dag som er den 23., og samlar familien til sosialt samvær med mat og kaker.
I år laga me eit enkelt koldtbord og avslutta med frukt og kaker.  Me var jo vanvittig heldige med vêret, så me nytta heile dagen utandørs.  Ungane var mest opptekne av trampolinen og me andre kosa oss i solsteiken med svært godt selskap. 

Her kjem eit lite bilderas frå vår 1. pinsedag, og feiringa av Odin 4 år og Thomas 10 år 









Håpar alle har fått nyte desse deilige sommardagane me har hatt denne helga 
Me håpar at slike dagar kjem raskt tilbake.  Me blir lett godt vant :)

Ønsker alle ein flott vekestart !

Klem / Janne
Follow on Bloglovin

lørdag 11. mai 2013

♡ Sommerkos på Haugalandet ♡

Idag vert mitt blogginnlegg via 100% til sommaren store happening, nemlig bloggtreffet
"Sommerkos på Haugalandet"

Maia med bloggen Fabelaktiv og Karianne med bloggen Mittsitt står i "bresjen" for denne supre kvelden.  
50 bloggjenter skal nyta god mat, god drikke og ikkje minst godt selskap i Karianne sin flotte heim, som ho opnar for oss i anledning treffet.

Eg gledar meg vanvittig mykje til å treffa desse flotte bloggjentene !  
Det skal blir så kjekt å få muligheten til å helsa på  hjernane bak bloggar som eg har fulgt i mange år. 
 Men mest av alt blir det artig å slå ut håret, skapa nye relasjonar og knyta nye vennskapsband.
Eg er førstereisjente på eit slikt treff, og legg ikkje skjul på at eg er ganske spent.
Men me har fått grei beskjed om at sommarfuglar som me evt har i magen ifm treffet, skal puttast i ein sekk og kastes langt vekk. Iallefall dei negative sommarfuglane :) 
Dei gode får bli ♡ 

Som sagt, så gjort :)

Arrangørane av bloggtreffet har gjort ein fantastisk jobb i forkant, 
og dei har fått tak i ei lang liste med draumesponsorar.
Berre sjå her:


Eg berre seier det;
Dette skal bli fantastisk gøy !

All tenkeleg ære til Maia og Karianne som har laga til dette bloggtreffet,
 slik at me kan få ein dag, og kveld, me seint vil gløyma ♡ 
Eg ser fram til å treffa alle dåke andre 49 jenter som skal til Haugalandet 1. juni 2013 !
Kun 3 veker igjen no...

Ha ein framleis flott, dog regntung laurdag !!!

Stor klem / Janne

Follow on Bloglovin

onsdag 8. mai 2013

♡ Oliventre ♡

Idag har eg gått til innkjøp av eit nytt oliventre.  
Eg hadde eit tidlegare, men det greidde eg å ta knekken på...
Betre lukke denne gongen, håpar eg :)
Veldig greitt at Lady Burk akkurat idag la ut tips til korleis å få eit slikt tre til å overleva, på Facebook
Kanskje det hjelper ?

Oliventre er utrulig dekorative. 
Og eg har lagt min elsk på dette vesle treet 







Denne staselege dama hadde besøk av her om kvelden.
No er det begynt å koma fram små grøne tuster på plenen igjen, og desse er svært fristande for hjorten.  Dermed er arten tilbake rundt huset vårt.  
Flotte, ja, men dei øydelegg alt levande i hagen :(



Ha ein super dag vidare i finvèret !

Klem / Janne
Follow on Bloglovin

lørdag 4. mai 2013

♡ GOD HELG ♡

Berre ein kjapp tur innom bloggen for å ønska alle ei
GOD HELG !
Litt vårlig pynt har fått plass i den fine tallerkenhylla mi 

Heimen har vore angripe av sjukdom siste halvdel av veka.  Fyrst var det Tuva som gjekk ned for telling, før eg tok over.  No håpar eg at eg er på stigande form, og at eg snart orkar meir.


I går kveld hadde eg "heilt-åleine-heime-kveld". Mannen var i 3x40-års dag og ungane var på overnatting hos mormora si. Og akkurat i går var det heilt fint.  Med den elendige formen min var det veldig greitt å ikkje måtte ta omsyn til andre enn meg sjølv...
Men gjett om det er ei som gledar seg til ungane er tilbake og lagar liv og røre i heimen igjen ?


 Idag er det heldigvis ikkje snø som kjem frå oven lenger.  
Kanskje det snur no slik at me endeleg kan sjå våren springa ut i full blom. 
Eg lengtar etter dagar der me kan sitja i solveggen og kjenna på varmen frå vårsola.  
I fjor på denne tida var det slik :)

Eg stussar litt på dette med global oppvarming... 
Ikkje mykje oppvarming å snakka om her iallefall, heller det stikk motsette...


Eg nyttar høvet til å sei TUSEN TAKK for alle kjekke helsingane eg får her på bloggen.  Eg kosar meg med kvar og ein av dei 
Og VELKOMMEN så mykje til nye følgarar !  
Eg set stor pris på dåke alle saman :)

Håpar alle får ein strålande laurdag, og ein finfin helg !

Klem / Janne

Follow on Bloglovin

torsdag 2. mai 2013

It's coral, baby ♡

Eg kikka forsiktig ut glaset då eg våkna idag og fekk mest lyst til å krypa godt under dyna igjen;
2. mai og nysnø !
Eldsteguten trua med streik og ville emigrere til sydlegare strok.  Eg fekk han heldigvis på beina og ut dørane i tide til å rekka skulebilen, om enn noko motvillig.
Eg er heime med Tuva idag då ho framleis ikkje er heilt i form. Enno slapp og pjusk, stakkar :(
Men forhåpentligvis er ho i full vigør igjen i morgon 

Då det ikkje er mykje som minnar om vår ute, nyttar eg internet for å finna vårstemninga.
Og eg har lagt min elsk på den herlige korallfargen som no kjem meir og meir.
Eg har alltid vore svak for TineK og dei fantastiske produkta hennar, og i vårkatalogen frå TineKHome er korall eit herlig innslag.

Alle bileta i dette innlegget er lånt frå TineKHome

Eg kjem i skikkelig vårstemning av desse bileta !
Det er fantastisk at små detaljar kan gjera såååå mykje i eit rom og ikkje minst med humøret :)


 






Fasettglasa er ein av mine absolutte favorittar !
Må nok skaffa meg nokon i korall også ;)

I kveld skal eg kosa meg med gode klubbvenninner  
God mat og fantastisk godt selskap !
Månadens høgdepunkt :)

Ha ein fortreffelig torsdag alle saman !

Klem / Janne

Follow on Bloglovin

onsdag 1. mai 2013

♡ 4 down - 8 to go ♡

...og "svush" der var april over og me tusla stille inn i mai.  Månadsskifte vart markert med gnistrande kaldt vèr og stjerneklar nattehimmel ved midnatt, medan me vakna opp til stiv kuling og snøbyger på morgonen...
Enough said...

Ein særs rolig dag, då jenta i huset starta med magesjuke kl 5 :(
Stakkars lita, har sove fleire økter på sofaen i løpet av dagen, men virkar heldigvis kvikkare no.  No kryssar me fingrane for at det ikkje er fleire som går ned for telling.

Har som vanlig putla litt rundt i huset og, ja, flytta på ting :)  Det er liksom det eg gjer når eg er inne.  Og i allefall på slike grå dagar som idag.  Som det gode fagforeningsmedlemmet eg er, burde eg nok stilt opp på det lokale 1.mai-arrangementet, men det vart ikkje i år heller.  Nyttar heller dagen ilag med mine kjære 

Kun mobilbilder idag, dessverre...  Så kvaliteten er så som så...


Litt nytt på lysfatet i stova vart det også.  Eller nytt og nytt, iallefall litt utskifting :)


Ny-klokka som ungane har døypt BigBen :)



Dagen starta med rosa egg til frukost !  
Stilig, og veldig enkelt ;)


I går ettermiddag tok ungane og eg ein tur på stranda og kosa oss.  Med ein heilt annan bekledning enn det me pleier å ha på oss når me er der til vanleg.  
Her snakkar me ull innerst og vinter- og regnklè ytterst. 
Men me hadde det kjempefint, og fekk plukka med oss litt drivved og anna knask som eg nok vil skriva meir om ved eit anna høve.


Som dei fleste andre lengtar me no mot dagar med meir enn +5 grader.  Me er lei av å fryse, lei av å aldri kunne pakke vekk vinterklè og lei av sur vind og snøbyger...
Mykje klaging her no, ser eg...

Men no er det ute av systemet, og me kan konsentrera oss om andre ting :)

Btw, så er eg i gong med 2. del av stjerneprosjektet mitt, men pga veldig mange hender som ynskte å hjelpa til, vart det avslutta og lagt på is for idag.  
Mange kokkar, mykje søl, veit du ;)

Håpar alle har hatt ein fin 1. Mai uansett på kva måte dagen har vore nytta !
No kan det berre bli betre 

Maiklem / Janne

Follow on Bloglovin