torsdag 27. juni 2013

Min sommerlektyre ♡

Eg var så heldig å vinne ein av Tonje Boganes sine kjempefine Giveaway-premiar :)
Og i går kom denne i postkassa mi:


Denne gler eg meg til å ta fram og kosa meg med på deilige sommardagar.
Boka er skriven av Kari Nygaard og på baksida står det:

Reisen til Bella Coola er en tidløs fortelling om tap, frigjøring og kjærlighet på tvers av klasseskiller og kontinenter. 



Og trur du ikkje forfattaren har signert boka også :)
Stas, altså !

Ha ein strålande dag !

Klem / Janne

Follow on Bloglovin

onsdag 26. juni 2013

Det "knittes" !

Då me var med på den fantastiske bloggtreffet hos Karianne i Viksemarka, var me så heldige å få utlevert pose på pose med godsaker frå ulike sponsorar.
Den laaaange lista over gavmilde bidragsytarar finn du i DETTE innlegget.




Ein av posene var frå butikken Crush Concept, og den inneholdt bl.a. alpakka ullstrømper, som forøvrig kom VELDIG god med den kvelden ;), duftlys frå Love is Green, og vår heilt eigen PippiPillow strikkepakke.
Og no er jenta i gong med strikkinga !


Spent på resultatet, men eg går på med krum rygg.
Resultatet vert sjølvsagt offentleggjort når eg er i mål :)

TUSEN TAKK
for alle kjekke, koseleg og inspirerande kommentarar dåke legg igjen her på bloggen  
Eg set så stor pris på kvar og ein av kommentarane, og eg les dei gjerne om att og om att :)

Ha ein fortsatt flott dag !

Klem / Janne
Follow on Bloglovin

torsdag 20. juni 2013

Nedtelling

Og eg, som så maaaange andre, tel ned til årets sommarferie.
Min siste arbeidsdag før ferien står for dør, er neste laurdag.
Dette vert også min siste arbeidsdag på min noverande arbeidsplass...



Etter kun å ha tatt sikre og safe valg her i livet, har eg no valgt å ta steget ut i det totalt ukjente og usikre...
Eg sluttar i jobben min utan å ha noko anna å gå til.
Kanskje ikkje det smartaste, tenkjer du, men for meg var tida inne for å gjera det som var bra for meg. 
Og å setja meg sjølv, og mine og dei rundt meg sine behov, først.
No skal eg fokusere på mannen min og borna mine og å vera 100%  tilstades for dei.  
Og sjølvsagt sjå meg om etter ein ny jobb.  

Så om nokon trur eg kan brukast til noko fornuftig, er det berre å gje meg eit ord ;)

Eg har hatt planar som eg har ønska sterkt å få realisert, men som det pr no ikkje vert mogleg å få sett ut i livet.  Dette har eg hatt eit svært realistisk syn på, og eg har også vore veldig klar over at dette kunne bli resultatet.  Difor har eg eit veldig avslappa forhold til framtida mi. 


Men først skal eg jobba 6 arbeidsdagar til ilag med det finaste kollegiet ein kan tenka seg 
Dåke kjem eg til å sakne kvar dag !
Heldigvis kan eg stikke innom dåke, OFTE :)

Håpar alle får ei fortsatt fin veke, og god ferie til dei som har det !

Klem / Janne

Follow on Bloglovin

søndag 16. juni 2013

♡ Herlige Sommartider ♡

Ein fantastisk søndag !

Glade ungar og glade vaksne :)
Kan det bli betre ?
Slik såg det ut hos oss idag




Innimellom all avslappinga har også fått vore litt produktiv idag.
Min svigerfar skar i si tid sin eigen material, og etter at han gjekk bort har materialstablane stått urørte. Her om dagen begynte me å gå gjennom desse for å sjå om noko av det kunne brukast.


Så etter å ha blitt inspirert av dei stilige gjenbruksblomsterkassane til Ann med bloggen Glassveranda, gjekk eg i gong med min eigen, og svært enkle, variant.


Er svært så nøgd, eg :)
Og fleire skal det bli. 
I ulike størrelsar og fasongar.


Rakk akkurat å få beisa dei ferdige før nordavinden jaga oss innomhus.
Drivved er såååå fin !
Meir beis må handlast inn i morgon den dag ;)

Her startar den nye veka med Tine Fotballskule for dei 2 eldste, og ein liten tass som får ein heimedag ilag med pappaen sin. Feberen herjar...

Håpar dåke også har hatt ein flott søndag i det deilige vèret 

Klem / Janne

Follow on Bloglovin

onsdag 12. juni 2013

♡ Boligpluss ♡

Eg, og sikkert fleire med meg, er framleis svakt tilstades i vår vesle Sommerkos-boble etter det fabelaktige bloggtreffet hos Karianne i Viksemarka 1. juni.



Og akkurat når me muligens var iferd med å koma tilbake til våre normale liv, der tankane rundt bloggtreffet ikkje lenger var like dominerande,
skjer dette :


Ikkje verdas største repotasje, men veldig gøy at det vert skrive om 
og at andre får muligheten til å få eit ørlite innblikk i den fantastiske dagen me hadde hos Karianne.

Og i det nyaste Boligpluss som kjem i butikkane over helga 
kan dåke forresten sjå eit kjempetøft DIY-prosjekt som Diana med DENNE flotte bloggen står bak :)
Heia Diana !

Etter nydelege sommardagar har igjen regnet teke over her hos oss.  
Ikkje mykje me får gjort med det, men...

Ha ei fortsatt flott juniveke !

Klem / Janne

Follow on Bloglovin

mandag 10. juni 2013

♡ Framsnakking ♡

Eg er ein stor tilhengar av framsnakking, og syns det burde vore brukt mykje meir.
Det er så slitsomt med folk som berre er oppteken av å rakka ned på, og å gjera livet surt for andre, for å framheva seg sjølv.
Der fekk eg sagt det ;)
Og no skal eg gjera det stikk motsette.

Iallefall,
idag vil eg at dykk skal besøka ein av mine absolutte favorittbloggar, nemlig
Eg simpelthen eeeeeeelskar denne bloggen !


Huset er fantastisk med nydelege detaljar, 
og hagen er eit syn ! 
Bloggen er smikkfull av gode tips og DIY-prosjekt 



Så sjå, bli inspirert og nyt !
Alle bileta er forøvrig utlånt av Ann, som skriv denne flotte bloggen :)

Klem / Janne

Follow on Bloglovin

lørdag 8. juni 2013

♡ I bröllop ♡

Då var det klart for kongelig bryllup i Sverige igjen.
Alltid like kjekt å sjå dei flotte kjolane og diadema som dei kvinnelege gjestene har på seg.
 Dette har eg vore oppteken av sidan eg var lita jente, så det er heilt klart at eg må få meg dette.

Ingen bryllaupsmeny her hos oss idag, men pytt det er jo eigentleg berre ein heilt vanleg laurdag :)
Så me sit her i arbeidsklè, og skal eta bryllaupstacoen litt seinare ;)

Gratulera med dagen til brurfolket !


Fin laurdag til alle !

Klem / Janne


Follow on Bloglovin

tirsdag 4. juni 2013

Behind closed doors...


...skjer det mykje rart...
Iallefall her hos oss i kveld :)



Prinsessa har ei venninne på overnatting, og dei fekk ein ide om å ha
pyjamasparty på ein heilt vanleg tysdag.



Det er høg fnisefaktor og storebroren i huset syns dei to snuppene er passe teite ;)
Akkurat slik det skal vera 

Håpar alle har ein fin tysdagskveld !

Klem / Janne

Follow on Bloglovin

søndag 2. juni 2013

♡ A Perfect Day ♡


Ja, kva anna kan ein sei etter å ha fått opplevd Sommerkos på Haugalandet ???
Ingen verdens ting :)
Bortsett frå at eg nok har alle med meg på at vèrgudane godt kunne gjort ein litt betre jobb...
Men vèret er nok det einaste ein ikkje rår over, dessverre...
50 flotte jenter vart tatt av både vind og vin, og nye fleecetepper frå Skeidar og alpakka-sokkar frå Crush Concept vart den nye blogger-uniformen denne kvelden. 

Men, eg har ikkje noko anna ord å bruke om bloggtreffet i Viksemarka enn
F A B E L A K T I G ! ! !

Maia og Karianne hadde planlagt eit strålande arrangement for 50 smekre damer som nok var nær ved både hetetokter og hyperventilering då gåver og goodiebags vart utdelt.
Sponsorlista var lang og gåvene til å mista pusten av 
Sjølv er eg heilt overvelda over kva desse fyrverkeria av nokre damer har fått til.
Tusen takk for ein super dag !!!

Her kjem nokre bileter av dei smashing gåvene me fekk og frå sjølve kvelden (lånt av Maia btw),
Enjoy !


På bildene over og under ser du kakao, te, kjeks, olivenolje, oliven og pesto frå Amundsen Spesial i Haugesund.



Fleecepledd frå Skeidar, lampe frå Clas Ohlson, skjal og øyrepynt frå Kristine Vikse, såpe frå TineK Home og Pukka te frå M. Willumsen.

Skjerf frå Barfota, serviettar frå Palma, bok frå Aschehoug Forlag, leppepomade frå Burt's Bees, sugerør frå Festfabrikken, skål frå Wik & Walsøe, Carmex (og kondom...!) frå RFSU.

Kjøkkenhandduk, vaskeklut og oppvaskbørste frå Ib Laursen og Power Clean frå Plumbo.

Over og under:
Strikkesett til pute, deilige knehøge alpakkasokkar og duftlys frå CrushConcept, og den fiiine skåla eg fekk frå min gåvevenn Hege. Tuuuusen takk !


Så litt lånebilder frå sjølve dagen/kvelden :)

Me køyrer standsmessig til store hendingar, må veta :)

Nydeleg pynta på terrassen 

Ja, dei har basseng.  Nei, eg prøvde det ikkje...


Rosa bobler må til 

Skjønne Hedda frå CrushConcept.
Denne dama og hennar måte å tenke bærekraftig handel og butikk på falt eg pladask for.
Hos henne er ALT gjennomtenkt, og det likar me :)

Eva Mariann og Trond frå Amundsen Spesial

 Vakre Kristine Vikse

 Over og under:
Nydelege mini-cupcakes frå Widvey Catering, som også leverte deilig tapas til oss.



Goodiebags frå CrushConcept.

Takk for lånet av bildene, Maia !

No skal eg leva lenge på denne opplevinga og kosa meg med at eg fekk vera ilag med desse flotte damene.
Kanskje møtes me snart igjen ?

Håpar ikkje du vart lei av alle bildene, for det vart ein del å visa fram...

Kos dåke med siste rest av første helga i juni 

Stor klem / Janne

Follow on Bloglovin