tirsdag 16. juli 2013

Stille og roleg...

Veldig stille og roleg her på bloggen for tida.
Ferien har nok mykje av skulda for det. I tillegg til sommarens vakraste eventyr,

For 7. året vert den vesle kommunen vår, med knappe 2.800 fastbuande, omgjort til eit pulserande og eksotisk festivalområde.
Kjende artistar frå inn- og utland set heimstaden min på kartet, og gjer at folketalet  aukar til nærmare 20.000 desse 5 dagane.
Dette er eit fantastisk arrangement som med full styrke syner samhaldet og dugnadsånda som ligg i tysnesingen :)
Folk frå alle bygdene på øya deltek på sin måte,
og fleire hundre friviljuge stiller opp på alle moglege oppdrag.
Alt for å få arrangementet i havn :)

Her ser du glimt frå nokre av dei utruleg mange konsertane :
(Bileta er lånt av tysnesingen.no og tysnesfest.no)

 Madcon - for eit himla liv dei lagar altså :)

 Dum Dum Boys

Morten Abel

Og min absolutte favorittaugneblink på årets festival:
Kari Bremnes
Makan til fantastisk dame !!!

Velkommen til Tysnesfest 2014 !

Med dette vil eg få ønska alle ein framleis flott sommar !

Klem / Janne

Follow on Bloglovin

søndag 7. juli 2013

Sommer på jorda ♡

Denne månadens utfordring hos NIB har fått namnet
Sommer på jorda

Og når me endeleg var så heldige å få eit lite snev av sommar her hos oss, kunne eg ikkje dy meg.

Her er mitt bidrag :













Nyt sommaren !

Klem / Janne

Follow on Bloglovin

onsdag 3. juli 2013

Lucky me !

Det er alltid like gøy å vinne, syns eg.
Enten det er på basar, i brettspel eller i lotto. Iallefall trur eg det vil vera stas å vinna i lotto...


Ekstra gøy er det når ein er så heldig å vinne noko ein har ønska seg lenge

Dette skjedde meg nyleg.
Eg vann nemlig desse fine koppane frå Bloomingville i giveaway som Janne hadde på bloggen sin Frk. Elton.
Den fine bloggen hennar kan du besøke HER


Desse har eg kikka på såååå lenge, og no er dei mine :)
Tusen takk, Janne, og takk for sist !

Off to coffee !

Klem / Janne

Follow on Bloglovin

Fint ♡

Enig ?


Bildet er lånt fra Finn.no

Kos deg i regnet :)

Klem / Janne
Follow on Bloglovin

mandag 1. juli 2013

Min nye skatt ♡

Sjå på denne flotte saken !


Eg og Magnar var tidlegare i kveld og henta denne utruleg flotte kommoden.  
Kjøpt av ei kjekk dame som heller ville at andre skulle få glede av den enn at den skulle kastast. 
Og eg vart umiddelbart varm om hjarta då eg såg den "live".
Nydelig ! 


Lekre detaljar over heile linja 


Den skal få stell og pleie her hos oss.
Nokre strøk med maling, så tenkjer eg den blir nøgd :)
Det vert iallefall eg !

Btw, eg ferierer !!!
Det kan anbefalast !

Fin kveld vidare til deg :)

Klem / Janne

Follow on Bloglovin