søndag 11. august 2013

Under stjernene ♡

Eg gjekk på ei kraftig bloggtørke denne sommaren, gitt...
Nærmar seg ein månad sidan siste livsteikn frå  meg, 
men det har vore heilt nødvendig og ikkje minst veldig godt.
Eg har hatt 
100% F E R I E !

Bloggen har lege i dvale, men som dei som følger meg på Instagram har merka, har eg vore aktiv der.
Ikkje mykje interiør, men meir meg og mine 

Men no kjenner eg at både blogglysta og lysta til å fornye og forandre kjem snikande tilbake.
Så no har eg lagt nest siste handa på jobben med å fornye
The Master Bedroom  :)
Gardiner er vanskelig, syns eg.  Difor gjenstår dei...

For dei som er innom bloggen dann og vann veit jo at dette prosjektet starta for mange månader sidan. 
Men ting tok tid og av ulike grunnar fekk eg ikkje fullført rommet før no i ferien.

Slik såg det ut før:


Hadde visst ikkje noko skikkeleg før-bilete, så dette får duge.
Veggane var malt i fargen Sans, som eg forøvrig er veldig nøgd med. Men me ønska oss ein lunare og mørkare stemning på rommet, difor fornyinga.

Slik ser det ut no :)





Veggane er malt i fargen Kalkgrå, noko som gjorde rommet så lunt og fint
Eg har også laga ein sengegavl av uhøvla bord som eg har beisa i fargen Drivved. Syns den vart akkurat passe røff mot det kvite og fine.
Skulle egentlig ha toppbordet horisontalt oppå dei ståande borda, men gjekk heller for å lage ei hylle på toppen. 
Og då fekk eg jo nok ei hylle å plassere litt småtteri på :)
Så Walters sinkhus, IKEA-bilder. Durance lavendellys, TineK fasettglas og eigenproduserte stjerner står akkurat no på sengehylla.
I morgon kan det hende det står noko anna der...
That's me ;)

Eg er strålande nøgd med resultatet, og gler meg til å sova "under stjernene"

Klem / Janne

Follow on Bloglovin