onsdag 20. november 2013

Min mann kan ♡

~ Ein gang og ei trapp til besvær ~

Det verste eg veit er å koma inn i huset og bli møtt av ein hall/gang der det komplette kaos er ein realitet.  Der sko, jakkar, skulesekkar, refleksvestar, luer, buffer, fotballar og andre ting som dei som bur her berre slepp ifrå seg, gjev det litt i overkant heimekoselege preget...

INGENTING 
irriterer meg meir enn alle beskjedar eg repeterer til dei eg deler heim med, som omhandlar rydding, orden og organisering, går inn det eine øyret og ut det andre...
Medlemsskap i Korttidsminneforeininga trur eg kan bli årets julegåve ;)

...eller kanskje det er ein ting som irriterer meg meir;
Arealet under trappa, som berre samlar rot, rusk og rask...

Mannen på biletet går verken under kategorien rot, rusk eller rask, altså ;)

Eg fekk ein ide her om dagen og lanserte den for tømraren i heimen. 
Han tente på den og var raskt på veg for å handla inn nødvendig materiell.
Så no bygger me garderoberom under trappa !


Me hadde ståande eit ekstra dørblad frå når huset vart bygd, og til tross for nokre skjønnhetsfeil,
 funkar den perfekt til dette formålet :)


Her inne skal me ha knaggrekker i høgder som både store og små rekk til. 
Ei garderobestang skal monterast og skohyller skal plasserast.
Så når me får ferdigstilt dette avlukket skal eg ha den ryddigaste gangen "ever" !

Dette blir sååååå bra !

No er det blitt snødekke her hos oss, så får me sjå om det er blitt vinter for lang tid framover,
eller om dette berre er ein liten smakebit.

No er det kåring av Årets Hjem på TvNorge som står for tur :)

Ha ein finfin onsdagskveld ♡  

Klem / Janne
Follow on Bloglovin

fredag 8. november 2013

Eg vil, eg vil, men får det ikkje til...

Det vil vera årets overdrivelse å sei at blogglysta er ekstrem for tida. 
Finn liksom ikkje noko som eg syns er verdt å dela med dåke, 
eller som eg trur nokon er interessert i å lesa...  

Skulle ønska at produktiviteten var enorm og at eg var utømmelig når det kom til fengande og inspirerande innlegg, men nei...

Eg vil så gjerne , men eg står litt fast...


Her ser dåke litt av det eg startar denne helga med.
Eg har alltid vore glad i brodering, men syr kun julemotiv.  Og ambisjonane om at ungane skal få kvar sin broderte julekalender har eg enno ikkje gitt opp.
Eldstemann på 10 år er diverre den einaste som har sin ferdige kalender i bruk, medan dei to andre, på 8 og 4 år, enno ventar i spaning.  Eg er godt i gong med begge to, men ting tek litt tid. 
Som med mykje anna går sylysta litt i rykk og napp :)

Ellers er denne jenta godt i gong med juleførebuingar, 
og då er det kalendergåvene som tek mesteparten av fokuset nett no.
Ikkje alltid like lett å finne kjekke, spennande og ikkje minst billege ting å putte i posane...
72 i talet...

Heldigvis er ungane inneforstått med at denne typen kalender begrenser seg til annakvart år.
Takk og pris for det :)


Eg må berre få snika inn eit lite tips heilt på tampen:
Friele har kome med kaffekapslar som er kompatibel med Nespresso kaffimaskin !!!
Så no slepp ein å reise bort, eller bestille ny kaffiladning på nettet lenger :)
Lukke !


Eg vil ønska alle ei nydeleg helg ilag med dei ein er mest glad i ♡ 

Eg tenner kvar dag lys for vesle Ylva som på onsdag trakk sin siste pust, og som no er ein engel som passar på dei utruleg sterke og flotte foreldra sine ♡ 
Gje ungane dine ein god klem kvar dag, for plutseleg kan alt vera forandra...

Klem / Janne

Follow on Bloglovin