søndag 8. desember 2013

Strålande jul ♡


Mitt bidrag til denne månadens NIB-utfordring 

Eg kjem sjølvsagt alltid på å ta bileter etter det har blitt mørkt, men skal eg rekke å bli med, må det bli med desse bileta...





Kvitt, natur, sølv og ørlite raudt vert julefargane som vil gå igjen i denne heimen i år ( som i fjor )
Det snik seg inn meir og meir jul for kvar dag som går 

For å sjå fleire flotte bidrag, sjå HER

Eg elskar jula !

Klem / Janne

Follow on Bloglovin

Papirstjerne, endelig !

2. søndag i advent og eg er berre sååååå nøgd !
Etter å ha bretta meg gjennom adventstida sidan 2011, så har eg idag omsider greidd å brette mi første papirstjerne 

Her er resultatet :


Eg har prøvd å følge uendeleg mange "oppskrifter" for å få til dette, men det som hjalp meg denne gongen, var DENNE videosnutten frå Youtube.
Plutselig løsna det !
Så idag blir den store brettedagen ;)


Eg må samtidig få ønska nye følgarar 
velkommen til meg !
Så kjekt at det kjem til nye sjølv om eg har vore, og til dels er, nede i ein liten bloggbølgedal.
Ønsker alle ein strålande adventssøndag vidare 

Klem / Janne

Follow on Bloglovin