søndag 12. januar 2014

Tilbakeblikk ♡

Sidan det var lite blogging frå denne kanten i jula, 
presenterer eg i staden for julebildene no i januar :) 
Eit lite juletilbakeblikk, altså.

Eg er glad i å dekka fine bord, og la sjølvsagt litt ekstra i å få ei fin ramme rundt julemiddagen. 
Eg gjekk for det reine og enkle, og vart svært nøgd  


Jasper Conran Embossed servise frå Wedgewood


Bloomingville serviett og Rosendahl Grand Cru glas


Hardangerbestikk "Silje" med nostalgisk sløyfeband.


Konglene må sjølvsagt vera med :)


Det enkle er ofte det beste 


"Gamaldags" julepynt frå bornas juleverkstad på skulen 

Nyt denne fantastiske søndagen !
Me har SOL !!!

Klem / Janne

Follow on Bloglovin

lørdag 11. januar 2014

Nytt år - nye ideear !

GODT NYTT ÅR !!!

Det går framleis litt trått i bloggverda mi, men eg kjenner at i takt med at lyset kjem tilbake, kjem også blogglysta og inspirasjonen tilbake :)
Hadde eg hatt eit hi, hadde eg gladeleg gått inni det no på vinterstid...

Jula er flytta ut og eg bombaderer mannen med idear eg ynskjer å setja ut i livet. 
Alt er ved det normale, med andre ord ;)
Denne gongen er det kjøkkenet som står for tur :)

Eg er igrunn nøgd med kjøkkenet.
Det er stort og romsleg, men det kunne vore så mykje meir praktisk. 
I allefall i mine auger...

 

Men...
I natt låg eg å tenkte på korleis me kunne gjere dette kjøkkenet meir praktisk, 
og meir slik som eg vil ha det, pr idag iallefall.
Pussig at slike ting ALLTID kjem om natta...


Forslaget eg presenterte for ein halvt bevisstlaus mann kl 01.00 i natt, var altså å skru ned overskapa over vaskesona, for så å montere opne hyller her.
Eg er så lei av å stå her å stange hovudet i desse skapadørene :(
Og eg ser for meg at hyller vil gje kjøkkenet eit meir ope og luftig preg.

Er eg på jordet ???
Kva syns du om ideen min ??


Det som eg kanskje syns var det beste med heile tankerekka mi denne natta var planane for dei, forhåpentlegvis snart, nedskrudde skapa.
Dei vil eg nemleg plassere HER !

Me har lenge snakka om å få litt meir skap- og benkeplass og utnytte plassen under vingaugene. 
Så eg syns jo då ideen om å bruke skapene her, var utruleg god :)
Er framleis litt usikker på om dei grynta eg fekk frå sidemannen i natt, kan tolkast derhen at han er like entusiastisk som meg.  
Det gjenstår å sjå...

Eg blir veldig glad for gode tips og tilbakemeldingar på ideen min, så om du har noko på hjartet så
FYR LAUS !

Ha ein fantastisk laurdag :)

Klem / Janne

PS: Eg MÅ berre få anbefale DETTE strålande blogginnlegget til Diana. 
Utruleg godt skrive, og set fingeren på noko viktig :)
Heia Diana !

Follow on Bloglovin